Engasjerte byggjenæringa med fagprat til frukost

Klimakrav i anbodet for Trudvang Skule, nye studietilbod på Fagskulen Vestland og planane om ombruksstasjon for byggjevarer på Kaupanger var tema som fenga bransjekollegaer på frukostmøte.

Nærare 30 personar var samla då Kunnskapsparken inviterte byggjenæringa i Sogn til frukostmøte på Vite Meir, den første fredagen i desember. 

Fleire spørsmål for Trudvang

Då frukost og kaffi var servert, innleia Jøril Hovland med å fortelje om kvifor nettopp dagens tema var viktige. Leiar for bygg og eigedom i Sogndal Kommune, Rickard Sundell, tok så ordet for å fortelje om klimakrava som blir sett til anbodet for Trudvang skule.

– Det skal lagast eit Co₂-rekneskap for utbyggingsprosjektet. Her spesifiserer ein eit tak for maksimalt utslepp i bygget si levetid på 60 år, forklarte Sundell.

Han viste også til at ein forventa produksjon av straum, gjennom til dømes solceller, knytt til bygget. Publikum responderte med både spørsmål og innspel.

Presenterte nye kurs på Fagskulen

Prosjektleiar i Kunnskapsparken Vestland, Lea Myklebust, fortalte så dei frammøtte om dei nye studietilboda på Fagskulen Vestland si avdeling i Førde.

– Allereie over nyttår kan ein ta kortare kurs i Energirådgiving og i Sirkulær økonomi og ombruk. Frå og med hausten 2024 kan ein dessutan ta eit studie på 60 studiepoeng innan Grøn omstilling i byggjebransjen, forklarte Myklebust.

Studietilboda har blitt utvikla av Fagskulen, i samarbeid med Kunnskapsparken, HVL og ByggOpp, i tillegg til gode innspel i eigen workshop med deltakarar frå offentlege og private faginstansar.

Ønskjer Sirken velkommen til Kaupanger

Sist ut var Therese Haugland Bondhus, HMS-ansvarleg i Reco, som presenterte planane om å etablare ein Sirken Shop på Kaupanger. Sirken er ein sjølvbetjent containerbutikk med ombruksvarer, som skal bidra til å ta vare på materialressursane  som er teke i bruk i byggebransjen. Kunnskapsparken og Sirkla Ressurs har lenge vore i møte med det Trondheimsbaserte firmaet, med mål om å få Sirken- konseptet etablert i Sogn. I haust fann dei saman med Reco, som delte begeistringa og ambisjonen med å få på plass dette viktige infrastrukturtilbodet.

– Då var det sjølvsagt at vi må prøve på dette saman, seier Therese

Investor, vert og prosessleiar 

Den siste tida har alle tre jobba for å få på plass det praktiske rundt etableringa:

  • Reco er klar og vil bli med i  investeringa, som ein del av sitt samfunnsansvar. Dei har mellom anna mykje varer frå skadesaker som er godt eigna for ombruk.

  • Sirkla Ressurs skal vere vert for ombruksstasjonen og planlegg å bygge om ein del av lageret i Sirklabygget til Sirken-shop.

  • Kunnskapsparken Vestland har vore prosessleiar, drive med informasjonsarbeid og organisert møte- og arrangement.

– Vi har trua på at vi får i gang ombruksstasjon på nyåret og planlegg for eit oppstartsmøte allereie om eit par veker, konstaterte Haugland Bondhus.

Etter samlinga sat praten laust. Det var tydeleg at dei som kom sette pris på å treffe bransjekollegaer og at dagens tema engasjerte.

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Re-sertifisert som miljøfyrtårn

Neste
Neste

Strø og fjern snø - så fiksar vi resten