Strø og fjern snø - så fiksar vi resten

Ser containeren din ut som dette? Då har du lagt godt til rette for folke våre som skal hente avfallet.

Visste du at snø og is kan gjere det utfordrande for oss å hente avfallet ditt? Heldigvis kan små grep gi oss god hjelp.

Med vinteren kjem snøen til Sogn, og for våre sjåførar kan det by på nokre ekstra utfordringar ved handtering av avfall.

Tryggleik ved frakt og tømming

Vi tek tryggleiken til våre tilsette og andre trafikantar på alvor. Ved større snøfall er vi derfor avhengige av at du som kunde bistår oss med å sikre god og trygg tilkomst til containeren.

Slik kan du hjelpe:

  • Fjern snø frå toppen av container - lukka containerar og komprimatorar med mykje snø på taket kan av hensyn til trafikktryggleik ikkje fraktast.

  • Sikre god tilkomst til containeren for våre køyretøy og mannskap. Er containeren din snødd inne, kjem vi rett og slett ikkje til. Ved å moke snø og strø is, bidreg du til å minimere risikoen for fallulykker.

Har du fokus på dette ligg alt til rette for vi kan gjere ein god og effektiv jobb for deg!

Tusen takk for hjelpa!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Engasjerte byggjenæringa med fagprat til frukost

Neste
Neste

Pyramiden Senter ny totalkunde på renovasjon