Geir er nytilsett i Sirkla Ressurs

 

Øygard har jobba i avfallsbransjen i over 12 år og har lang fartstid i morselskapet SIMAS.

Gei Øygard har det siste 1,5 året vore prosjektleiar i NRC Kept AS i Bergen, eit dotterselskap av NRC Group Norge, som driver med sanering og riving av mellom anna industribygg, kai-anlegg og bustader.

– Her var eg «på andre sida av bordet» og lærde meir om kva næringen tenkjer rundt avfall. Det trur eg kommer godt med nå som eg skal jobbe med avfall for næringsaktørar i Sogn, fortel Øygard.

Sogningen har i tillegg over 10 år i SIMAS IKS, morselskapet til Sirkla, som handterer avfall for privatpersonar. Her starta han som kontormedarbeidar i 2011, gjekk over som driftssjef i seks år og jobba dei siste åra som anskaffelse- og prosjektsjef.

 No er han tilsett  i Sirkla for å handtere prosjekt og utvikling.

– Eg skal jobbe vidare med prosjekt vi er i gang med, og starte ein del nye prosjekt. Det er mykje spennande på gang! Vi skal til dømes jobbe med eit ombruksprosjekt på overskotsvarer i byggebransjen i lag med næringsaktørar i Sogndal og Kaupanger.

– Samtidig skal eg ha ei aktiv rolle i utvikling av selskapet, Sirkla skal opp og fram! Eg vil også vera litt «potet», med å forbetre kundekontakt og etablere nye avtalar med både kundar og samarbeidspartnarar. 

Kva er det som gjer at trivst så godt i avfallsbransjen? 

– Det er ein bransje med eit forrykande tempo med utvikling og krav, det skjer noko heile tiden. Det gjer det spennande og du må være på. I tillegg driv vi med noko som påverkar framtida til alle; ombruk, gjenvinning og det å ta vare på ressursar og ta hand om avfall på beste miljømessige måte. 

 – Sirkla er ei spennande og framoverlent bedrift, eg kjenner jo litt til kva dei står for. Dette er noko som eg føler eit eigarskap til og er engasjert i. Og så er det veldig kjekke folk å jobba i lag med. Det betyr mykje å ha det kjekt på jobb. Og så er det ok å sleppe å pendle til Bergen. 

Dagleg leiar, Erik Stavø, er svært glad for at Øygard takka ja til å vere ein del av Sirkla.

– Geir kryssa av på alle parameter vi såg etter. Hans kompetanse og erfaring frå både avfallsbransjen og frå bygge-/saneringsbransjen var veldig sentrale argument for å tilsettje han. I tillegg har Geir opparbeida seg eit stort nettverk frå bransjen. Vi har ambisjonar for selskapet, og har jobba med strategiplan og -mål det siste året. Vi såg behovet for å få inn meir ressursar i selskapet som kan ta eit aktivt tak i dette arbeidet.

 

Vil du snakke med Geir?

Geir Øygard, prosjekt og utvikling
E-post: geir@sirkla.no
Telefon: 911 12 321

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Pyramiden Senter ny totalkunde på renovasjon

Neste
Neste

På plass i nye lokale